Tuesday, January 29, 2013

Kverulantkampen om kringkastingsavgifta

Prøvebiletet er no så retro at du berre finn det på T-skjorter.


This post relates to the license funding of Norwegian Broadcasting Corporation and is therefore written in Norwegian. 

Stadig blussar debatten opp.

- Kvifor skal eg betale TV-lisens? Eg ser aldri på TV lenger uansett, eg ser berre på nett-tv, seier mange.

Isolert sett kan argumentet synast reelt nok. Sjølv om "lisensen" kverulantane refererer til offisielt heiter "kringkastingsavgifta." Lisensen, eller avgifta, er med andre ord knytt opp til kringkastinga.

Men vil kringkastinga seie distribusjonen, altså kringkastinga av innhaldet eller vil det seie selskapet som står bak, NRK, Norges rikskringkasting AS og alt det driv med?

NRK har i alle år, det vil seie sidan 1933, drive med kringkasting av radio og frå 1960 også med kringkasting av fjernsyn eller televisjon. Men det er ikkje mogeleg å kringkaste ingenting. Sjølv om det legendariske prøvebiletet ikkje var så langt unna.

Ein stor del av kringkastingsavgifta er knytt opp til produksjon eller innkjøp av sjølve innhaldet som kringkastast eller sendast ut som radiosignal til stua di. No er det mogeleg å både sjå og høyre mykje av dette innhaldet også via internett. For NRK sin del via TV-avspelaren tv.nrk.no eller nettradioen radio.nrk.no.

Av historiske grunnar er kringkastingsavgifta knytt opp til mottakarane, og då spesifikt fjernsynsapparat, DVD-spelarar og liknande med ein innebygd frekvensmottakar eller tuner som tek imot dei kringkasta signala på riktig frekvens. Men verda endrar seg også innanfor media. Det er TV Norge, Dagbladet og Newsweek einige i. At det per dags dato eksisterer tekniske smotthol som alle og einkvar kan gjere nytte av betyr ikkje at intensjonen bak kringkastingsavgifta har endra seg.

Tenk på kva som er NRK sitt oppdrag. Rikskringkastinga har vore, er og skal vere ein kulturbærar som skal nå ut til heile landet, det vere by og bygd, dal og vidde, fjord og hav. Tilbodet er tufta på norsk språk og norsk kultur. Og NRK skal lime nasjonen Noreg saman til kvardags, fest og i sorg. Men ikkje berre frå lokale, regionale og nasjonale perspektiv. Mange NRK-auge følgjer også med på kva som skjer utanfor grensene våre for å formidle bodskap og skape meining.

Du betalar ikkje for at signala skal kringkastast til deg. Du betalar for at programma og kanalane skal lagast og kunne konsumerast av deg der og når du sjølv ønskjer. Sjølve transporten kan vere via kringkasting, internett eller kassett frakta per motorsykkel, bil, båt, snøscooter og fly (ikkje vanleg no lenger). At du no kan sjå program i opptak gjer tilbodet betre og meir verd, ikkje verre og gratis.

Brukar du smottholet som argument for å kvitte deg med TV-apparatet eller frekvensmottakaren gjer du deg sjølv og oss andre ei bjørneteneste. For det er innhaldet, dei gode programma, dette gjeld. Betalar du ikkje kringkastingsavgifta undergrev du det breie og fantastiske programtilbodet som går ut til så utruleg mange måkgrupper. Det er ikkje utan grunn at NRK dagleg når 89% av alle med eit av dei mange tilboda som kringkastast ut til alle eller som kan hentast via internett.

Og så spørs det vel om Stortinget, som legg premissa for kringkastingsavgifta, sit heilt stille i båten om for mange sluttar å betale fordi dei kan, sjølv om dei kanskje ikkje bør. I Sverige har styresmaktene opna opp for å gå vekk frå "radio- og tvavgifta" for å kunne innføre tilsvarande avgift også for nettbrett, mobiltelefonar  og datamaskiner.


Gunnar Garfors er tilsett i NRK, men leigd ut til Norges mobil-TV AS der han er dagleg leiar. Garfors følgjer óg medieverda nasjonalt og internasjonalt gjennom leiarvervet i radio- og TV-organisasjonen IDAG samt ved deltaking på konferansar og i paneldebattar verda over. Synspunkta over må sjåast i dette perspektivet, dei representerer ikkje NRK sitt syn.