Tuesday, May 06, 2014

"198" omsider til sals

Frå Samlaget sin haustkatalog.


Eg er endeleg ferdig med mi aller første bok som straks vert given ut av Samlaget. Ho heiter noko så kort og konsist som "198." Ganske enkelt fordi det er dei tre siste siffera i telefonnummeret til Samlaget sin marknadssjef, Siri Ifarnæss. Og fordi det er 198 land i verda, fordi eg har vore i alle, og fordi kvart land får sitt kapittel.

This post in Norwegian is about the launch of my book called "198". It is, as of yet, only available in Norwegian, but we are working on an English version too. Pre-order it or read the reviews.

Omslaget.
Det gjer óg at ho kjem rett før noko meir kjende "1984" av George Orwell i bokhylla.

Boka er på 500 sider og er truleg blant dei dyraste bøkene som nokon gong har blitt skrive av éin forfattar. Det var naudsynt med reiser og tilhøyrande research til alle verdas land for å kunne skrive ho, og det har kosta meg det aller meste eg har tent dei siste ti åra. Heldigvis samlar eg heller på gode minne enn på gode vinar.

Boka sin undertittel er "Mi reise til alle verdas land." Du kan kjøpe boka her og vere garantert ei førsteutgåve. Om du ønskjer det signerer eg sjølvsagt også boka. Gje eventuelt også beskjed om du ønskjer at eg skal skrive ei helsing i ho.

Første omtale kom i Reiselyst. Magasinet gav terningkast 5. Den engelske versjonen er under oversetjing, og har allereie blitt omtala.

"198" kostar 299 kroner i butikken. Det er 1 krone og 51 øre per land!

Latterleg billeg. Du er sjanselaus til å kome deg jorda rundt for noko i nærheiten av ein slik sum. Berre passet kostar 450 kroner. For 32 usle sider og eitt bilete.

Om du bestiller boka her får du same pris, og då signerer eg gjerne, men sendekostnadar på 76 kroner per bok kjem i tillegg (boka veg 830 gram). Om du er i Oslo kan eg treffe deg og overlevere boka. Då slepp du sendekostnadar.

Du kan bla i boka her.

Bestill boka ved å sende meg ein epost herifrå, og eg sender deg ein faktura i retur.

Hugs å skrive postadressa di, kor mange bøker du vil kjøpe og om du ønskjer boka signert. Om du vil at eg skal skrive ei spesiell helsing må du skrive ned denne.

Og så kan du sjølvsagt bestille ebokversjonen til ulike nett- og lesebrett.