Sunday, September 14, 2014

Vi var Noreg rundt, alle 19 fylka på éin dag

Ei av bøkene vert til bokflaskepost. Kven finn ho og kva tid? 


Boka mi "198" om mi reise til alle verdas land kjem ut på torsdag. Korleis kunne ho vel betre lanserast enn å reise til alle Noregs fylke, på éin dag? Tenkte i alle fall eg.


My brother Øystein and I tried to visit all 19 counties of Norway on September 16 to promote my book "198". You could follow the trip on a map below, or communicate with us en route via Twitter or Instagram. We used the hashtag #Noregrundt (around Norway). 

Verkeleg Noreg rundt, altså. Det let seg gjere i teorien. Men kva med i praksis? Det prøvde eg å finne ut tysdag 16. september saman med bror min Øystein. Startskottet gjekk klokka 00:00:01, på sett og vis på måndagskvelden. Vi starta utanfor Skarnes, i Hedmark, og avslutta i Alta i Finnmark under 23 timar seinare.

Du kunne følgje oss på eit kart, sjå ein skjermdump av ruta vår under. Vi var mykje på Twitter eller Instagram: @garfors og nytta emneknaggen #Noregrundt.

Boka mi vert given ut av Samlaget. Pressemeldinga om turen og sjølve boklanseringa 18. september finn du her.