Sunday, June 07, 2015

Eg flyttar for Førdefjorden - gjer du?

Faksimile frå Firda


Det er ikkje så lenge sidan Inger Fure Grøtting og co. oppretta ein underskriftskampanje for unge sunnfjordingar som ser heile Nordic Mining sitt såkalla rutileventyr som eit slag i trynet og som meiner dette gjer at det er mindre sannsynleg at dei vil flytte heimatt til Sunnfjord.

English version.
Sidan eg då berre var 39 år gamal drista eg meg til å ymte frampå om å få lov til å signere eit brev frå ungdommen. Det sa Grøtting ja til, og eg signerte. Fordi eg kjende på kor vondt i kropp og sjel det gjorde berre å tenkje på å skulle flytte heim til Naustdal og Sunnfjord med slik miljøkriminalitet like utanfor stovedøra.
Les meir i Firda, 8. juni (krev abonnement).
Ja, miljøkriminalitet. Mellom anna fordi selskapet skal sleppe ut 112 kilo kvikksølv i året.

112 kilo!

Det er nesten ti gonger dei samla årlege utsleppa av kvikksølv i norske fjordar og vassdrag. Ifølgje Aftenposten sleppast mellom 12 og 15 kilo ut kvart år. Men det er altså langs heile Noregs kystlinje på 100.915 kilometer, medan 112 kilo skal sleppast ut på éin stad i éin fjord. Ti gonger meir kvikksølv på ein eksepsjonelt liten del av området. No har Noregs såkalla klima- og miljøminister Tine Sundtoft altså sagt ja til 112 kilo. Og det gjer vel strengt tatt at det ikkje lenger er kriminelt. Sidan selskapet har fått lov. Det høyrest nesten ut som ein stor løgn-taktikk. Så kolossalt mykje kvikksølv at ingen ville tru at nokon (og aller minst ein miljøminister) ville vere frekk og uforskamma nok til å tillate noko så fælsleg i ein av våre fjordar. I ein nasjonal laksefjord, i ein fjord med oppdrettsnæring, i ein fjord med yrkesfiskarar, i ein fjord med dykkarar.

At heile prosjektet i naturvernforbundskretsar er kjend som "ein av dei største forureiningsskandalane i nyare tid" seier vel kanskje sitt. Ja, for kiloane med kvikksølv er berre ein brøkdel av 300 millionar tonn med forureina gruveslam som skal dumpast i Førdefjorden dei neste 50 åra. Så, kva gjer vel 5-6 tonn med kvikksølv frå eller til? At Klima- og miljødepartementet til Sundtoft sa ja til galskapen same dag som statsminister Erna Solberg var i Vietnam og på Dagsrevyen smilande gav ut smaksprøvar av sunn norsk laks frå dei reine norske fjordane til alle som ville smake gjorde ironien fullkomen.

Men nok om det. De har fått med dykk dette før. Eg signerte altså på eit brev der eg nærast lova å ikkje flytte heimatt.

Men no har eg tenkt meg litt om. Eg vil ikkje at prosjektet skal kome så langt at det vert aktuelt for driftige folk utan ferieplanar å i det heile planleggje lenkegjengar, at dei fastbuande rundt fjorden må begynne å abonnere på prozac eller at husmødrene og -fedrane rundt Engebøfjellet treng å kjøpe seg hørselsvern til kjøkenbruk. For å stoppe det heile vil eg nytte eit lovleg middel. Eg vil nytte lokaldemokratiet.

Eg vil røyste i Naustdal, og eg har no meld flytting til heimkommunen min.

For å røyste for eit av partia som jobbar mot fagre løfte frå eit "gruveselskap" med tre tilsette på eit kontor i Oslo og kroner null i kassakreditt, men som like fullt klarte å overtyde fleirtalet som sat i kommunestyret i Naustdal for fire år sidan om å godkjenne forureininga. Godkjenning vart gitt lenge før konsekvensane var tilstrekkeleg synleggjorde for både politikarar og veljarar. Det har dei først blitt dei siste månadane, mellom anna gjennom media lokalt, nasjonalt og internasjonalt.    

At eg flyttar tel berre éi røyst, men eg vonar at du, tanta di i Sogn, den tidlegare kollegaen din frå Hordaland og/eller naboen blir inspirerte til å gjere det same.

Røysterett har ein der ein er busett 30. juni, og med ei vekes sakshandsamingstid er det berre tida og vegen. Fjorddeponimotstandarar over heile landet er velkomne til å skrive eit lite stykke sunnfjordshistorie. For fjorddeponimotstandarar i heile Sunnfjord er det eigentleg ingenting å lure på: Den vesle kommunen skal uansett slåast saman med andre kommunar i Sunnfjord, så du treng ikkje ein gong å flytte attende. Dermed vert dette også historias siste kommunestyre i Naustdal.

Gjer ditt til at det vert 21 minneverdige representantar og at minst 11 av dei er mot fjorddeponi. Logg på altinn.no og meld flytting til Naustdal i dag.

Kvar neirøyst tel i det viktigaste ja/nei-valet i Noreg sidan EU-valet.

At eg har meld flytting til Naustdal påverkar ikkje jobbsituasjonen min. Eg vil halde fram med å jobbe for NRK si distribusjonsavdeling og i Nitimen på NRK P1 i Oslo, og pendle ved behov.

Det kan du også gjere. I alle fall om du bur nærare enn seks timar med bil slik eg gjer.

Om andre enn meg verkeleg meiner at dei er imot å dumpe 300 millionar tonn i Førdefjorden, då. Og det må det vere. Til saman har tusen personar protestert mot prosjektet i Oslo og Bergen medan endå fleire seier at dei vil lenkje seg fast for å prøve å stoppe heile prosjektet. Det er sivil ulydnad og kjem kjapt på rullebladet om politiet må fjerne dei fastlenkja. Med tilhøyrande konsekvensar. Som om ein liten prikk på rullebladet har noko å seie i denne samanhengen.

Kva med å heller melde flytting til Naustdal, pendle til/frå jobb eller studiar ein periode og vere med på å gje eit veldig sterkt signal til politikarane ved å sikre eit nei-fleirtal på kommunestyret? Eit nytt kommunestyre kan t.d. omregulere fjorden til friluftsområde.

For meir info, sjå nettstaden flyttforfjord.org.

#flyttforfjord 
#stemnei 
#Naustdal