Saturday, May 17, 2014

Årets 17. mai-tale i Naustdal

Foto: Øystein Garfors. 


Eg var så heldig å verte invitert til å halde hovudtalen i Naustdal på 17. mai, 2014. Talen følgjer under i skriftleg form for spesielt interesserte.
This is the speech I did on Norway's national day May 17, 2014 in Naustdal. It is, for obvious reasons, in Norwegian.
Ja, her står eg no. Og veit ikkje heilt korleis eg skal begynne.
Mine damer og herrar vert for dansk.
Ladies and gentlemen, boys and girls vert for australsk.
Kameratar vert for russisk.
Kjære landsmenn er ikkje kjønnsnøytralt.
Medsamansvorne manglar eg bevis for å kunne seie.  

Kjære sambygdingar. Ja, for sjølv om eg lever eit ganske så fjell- og naturfritt liv i Oslo-eksil og stadig reiser verda rundt, så kjem eg her ifrå bygda. Og det er eg stolt av.

Eg er og stolt av å ha blitt invitert hit på sjølvaste 17. mai og halde tale til dykk. Vi er 200 år i dag. I alle fall grunnlova. For det var det dokumentet som la grunnlaget for den nasjonen, det landet vi er i dag.

Gratulerer så mykje! (Vi er ikkje i kyrkja, det er lov å klappe.)

Det er ingen av oss her som hugsar 100-årsjubileet, og eg tvilar på at mange av oss vil få oppleve 300-årsjubileet, så dette er verkeleg spesielt.

La meg heilt kort ta historia. Og vi må tilbake til strategen Napoleon. Den franske keisaren herska over store delar av Europa i mange år, men måtte til slutt abdisere. Som eit indirekte resultat måtte danskekongen gje Norge til Sverige som krigsbytte.

Men danskekongen hata å tape, og han visste å formulere seg. I staden for å overlevere Noreg til Sverige, så sa han ifrå seg den norske trona. Eit sjakktrekk av ein detalj.

Og tidleg i 1814 møttes 22 menn på Eidsvoll Verk for å diskutere Noreg si framtid. Ein av dei var Georg Sverderup. Han hevda at sidan danskekongen hadde sagt frå seg trona, så betydde det at suvereniteten hadde gått tilbake til det norske folk. Og at våre forfedre skulle få velge eigen konge.

Kontroversielt.

Men Sverderup hadde spelt poker før, og han fekk til slutt gjennomslag. Det vart lyst ut til val av konge og av dei som skulle lage Noreg si grunnlov; 112 menn totalt, tre av dei kom frå Sogn og Fjordane. Ein bonde frå Lærdal, ein prest frå Holmedal og ein jurist frå Sogndal.

Ingen nordfjordingar der, altså.

Frå 10. april jobba dei på Eidsvold kvar einaste dag i seks veker. Lange og knallharde forhandlingar. 17. mai, 1814 var dei til slutt einige. Og Eidsvolleden vart avsagt.

”Eining og tru til Dovre fell” sa dei.

Og Dovre står framleis støtt.

Dovre. Eg har vore der. Eg er både nysgjerrig og rastlaus av meg, så eg har og vore i alle verdas land. Det er 198 av dei.

Likevel så er det ikkje noko tvil. Grunnlovstradisjon vår her heime, 17. mai-feiringa, gjer meg stolt og glad. Den gjev meg til og med gåsehud. Og det er ikkje berre fordi vi går i tog, treff gamle kjende, utvekslar talar, kler oss i fine klede og viftar med norske flagg. Heller ikkje berre fordi vi har så fantastisk natur som bakteppe. Dei feirar 17. mai i Oslo óg, sjølv om naturen der ikkje kan måle seg med kva vi har her i Naustdal og i Sunnfjord.

Nei, eg vert stolt og glad fordi nasjonaldagen vår er heilt unik.

Ingen andre land feirar den sånn som vi gjer det. I Frankrike, Turkmenistan, Brasil og Nigeria er det dei vaksne sin dag. Det gjeld å vise fram våpen, makt og styrke. Dei viser fram dei største rakettane, dei raskaste flya og dei tøffaste militæruniformane. Dei har imponerande paradar der vaksne menn med våpen over skuldra driv ein form for synkronsvømming.

Misforstå meg rett. Dei er flinke og samkøyrde, og må ha trent i veker eller månadar.

Men det dei driv med i nesten alle andre land på nasjonaldagen er ikkje noko meir enn avansert penisforlenging. Pappaen min er sterkare enn pappaen din. Militæret mitt har større patronar enn militæret ditt.

På 17. mai treng vi ikkje å vise fram kanoner, tanks, flammekastarar eller jagarfly. Vi nøyer oss med is, pølse med brød, rebusløp, spikrar å slå ned og hestesko å kaste.

Nasjonaldagen vår, 17. mai, er ungane sin dag. Vi feirar at vi vart frie og sjølvstendige, at våre ungdomar og våre ungar alltid skal få vere frie, slik som vi er det. Vi feirar framtida. Vi feirar friheita. Vi feirar at alle framtidige generasjonar skal få mogelegheita til å oppleve det same. Til og med dei mest umodne av oss skal bli vaksne og ta over våre tradisjonar og føre vidare vårt demokrati, gjennom samarbeid, kreativitet, gjenomføringskraft og stå på-vilje.

For vi kan ikkje berre feire dei unge. Dei må óg bidra. Med arbeid og innsats. Med å setje seg mål. Og ikkje nødvendigvis lette mål. Georg Sverderup hadde eit nesten umogeleg mål. Og utan samanlikning, i fjor nådde eg mitt hovudmål. Å besøkje alle verdas land. I år når eg snart målet om å gje ut bok. Og for ni dagar sidan mislukkast eg med eit mål om å setje verdsrekord. Det gjer meg berre meir svolten på å klare det. Vi prøvar igjen i september, og då kan de igjen følgje oss direkte ved hjelp av GPS på eit kart både frå kommunestyresalen og andre stader.

Eg saknar eit målsettingsfag på skulen. Kunsten å gjennomføre idéar, å nå mål. Det nærmaste er kanskje sporadiske entreprenørskapskurs på enkelte vidaregåande skular. Utan mål kan ein verken lukkast eller mislukkast. Begge deler er lærerikt. Men i Noreg no vert ein nesten premiert for tiltakslause. På grunn av oljepengar og freistande trygdeutbetalingar som er for lett tilgjengeleg.

Sjølvstendigheita vår er viktig, men ikkje sjølvsagt. Vi lever i eit fritt land. Det er det veldig mange som ikkje gjer. Dei lever under ulike regime som bestemmer korleis dei skal leve liva sine. Om dei får leve. Eller kva for ein religion dei skal tilhøyre eller følgje reglane til. For eksempel korleis kvinnene skal kle seg. Om ein kan kalle tekstilfengselet burka for eit klesplagg.

Eg har sett mykje rart i verda, men eg har aldri verkeleg følt meg trua. Som reisande har eg vore relativt fri der eg har reist til ulike land og observert. Og eg har alltid kunne reise vidare når eg ikkje ville meir, når ting vart ubehagelige eller eg ikkje likte måten eg vart behandla på. Eg var på visitt. Med norsk pass.   

I Noreg er demokratiet eit viktig prinsipp for vår kultur. Og la oss verne om det for einkvar pris. Det bidrar vi til å gjere ved å løfte fram og hylle ungane våre, ikkje våpna, på 17. mai.

Eg reiser altså relativt mykje. Hittil i 2014 har eg vore i 28 land. Nokon kallar det galskap. Og det er det. Men sjølv meiner eg at galskap er bra for kreativitet og fantasi.

Og ei slik omfattande reiseverksemd gjer at eg har mange heimar. Eg brukar å seie at heime er i Oslo eller der ryggsekken min er til eikvar tid.

Men HEIME, det er i Naustdal. Det er her.

Og når folk spør kvar eg kjem ifrå, så svarar eg Naustdal. Sjølv om det ofte fører til nokre sekunds stillheit. Få på Austlandet har høyrt om kommunen vår. Er det nær Førde, spør mange.

Førde ligg i utkanten av Naustdal, seier eg då.

Ja, det er her eg har vakse opp, spelt fotball, gått i speidaren, leika med søskena mine og blitt meir eller mindre oppdratt av mamma og pappa. Smalahovud i Vevring, stølsbesøk på Jonstad, demningslaging i Naustdalslida, skihopping på Ramsdalsheia og orientering i Instedalen. Minna er mange.

Naustdal er óg den einaste plassen i verda kor ein kan gå på Blåfjellet og gå på Blåfjellet og gå på Blåfjellet. Namnekreativitet skal vi ikkje skryte på oss. Det er tre Blåfjell i Naustdal, inkludert det høgste fjellet i kommunen på 1390 meter. Og berre for å heilgardere så har vi Blånipa og. Kommunen er i det store og det heile så blå at eg er overraska over at ikkje Høgre har fleire representantar i kommunestyret. Skjønt det kan jo ha noko med miljøtrusselen på Engebø å gjere.

La meg no ta på meg utanlandsbrillene mine. Det er ikkje til å kome frå at det er mange og store kulturelle skilnadar i verda. På tur prøvar eg ofte å finne likheitstrekk med den stereotypiske sunnfjordingen.

Vi sunnfjordingar går kanskje for å vere litt treige. Men ikkje så treige som i Uganda. Der går ikkje bussen før den er full. Eg sat meg på bussen i ein landsby.  Då eg etter nokre minutt vart lei av å vente og spurte kva tid bussen skulle gå, så svara dei berre TIA. Eller T.I.A. Det betyr This is Africa. Dette er Afrika. Det betyr at ting tek tid. Bussen gjekk fem timar seinare. Så lang tid tok det før dei andre 49 seta var fylt opp. Av ei dame med høner i plastposar, ein mann med ei geit på fanget og to smågutar utan bukse. Slik at dei enklare kunne tisse i flaska til faren på den lange turen.

Vi sunnfjordingar går kanskje for å vere litt sære i matvegen. Men ikkje så sære som i Ecuador. Der er hamster ei delikatesse. Og det same er kattekjøt. Eg har ete hamster, men ikkje katt. Hadde eg gjort det hadde søstrene mine sagt opp slektsskapet.   

Vi sunnfjordingar går kanskje for å vere litt gjerrige. Men ikkje så gjerrige som på Jamaica. Der brukar dei eldfloger som leselampe for å spare straum. Dei fangar ein sverm med floger i ei glasflaske. Når dei skal lese held dei flaska over boksidene. Men lyset frå eldflogene vert etterkvart svakare. Då er det berre å riste på flaska slik at eldflogene vaknar til live igjen, og det er lys i nokre minutt til før ein igjen må riste på flaska.

Vi sunnfjordingar går kanskje for å la oss bli underkua av vår betre halvdel. Men ikkje så underkua som i ein øynasjon i Stillehavet. På ein restaurant vart eg invitert til å sitje med bordet til to lokale karar. Vi fekk god kontakt og begynte snart å snakke om laust og fast. Etter ein times tid ringer mobiltelefonen til den eine.
- Hei, kjære seier han.
- Ja, sjølvsagt kan eg gå i butikken og handle.
- Nei, eg skal ikkje gløyme å kjøpe såpe. Eller å vaske heime.
- Ja, og eg kan godt hente ungane i barnehagen.
- Eg elskar deg og. Ha det bra!

Så la han på og banna stygt nok til å få einkvar finnmarking til å verte forlegen. Og så ropte han.
- Eg hatar den kjerringa!
- Er du gift, Gunnar? Bra! Og gift deg aldri!

Før han gjekk på do. I sinne. Då nytta eg høvet til å spørre kompisen kvifor han ikkje skilte seg. Han hadde det tydelegvis ikkje så bra i forholdet.

- Nei, sa kompisen og rista på hovudet.
- Det kan han ikkje. Han gifta seg med feil dame. Ho er dottera til presidenten.

Vi har aldri hatt president i Noreg, men mange andre heltar. Og dei veit vi å minnast. No står vi her og feirar grunnlova sin 200-årsdag. Her rett ved bautasteinen. Det var mellom anna ungdomslaget i Naustdal som tok initiativ til å få reist steinen, og den vart avduka 17. mai 1914. Den er 100 år i dag! (Vi er framleis ikkje i kyrkja, det er lov å klappe.)

Ikkje ein gong Harald Runde i sogelaget veit om det vart gjort noko formelt vedtak om bautaen i kommunestyre eller formannskap, men dåverande ordførar Ola Schei hadde i alle fall eit avisinnlegg i "Nordre Bergenhus Amstidende" ti dagar etter. Urovekkjande nok var det på bokmål, men vi får la det passere i godt lag på ein slik kombinert 300-årsdag.

Han skreiv fire setningar:

"Gjennem varaordføreren er jeg gjort bekjendt med at bautastenen som reistes og avdukedes 17 mai i Naustdal til minde om de tapre fædrelandsforsvarere fra vor bygd i 1814, blev ved nævnte anledning overleveret til Naustdals komune."

Fire lange setningar.

"På kommunens vegne må jeg herved sige alle, som har bidraget noget til reisningen av dette vakre mindesmerke, min store tak. Det skal være Naustdals kommune en sand glæde og pligt ned igjennem tiderne at bevare, hegne og frede om dette minde.

Så stande da bautaen i fred, talende fædrelandskjærlighetens mægtige sprog til slægterne som går og kommer i vort elskede Naustdal."

Avslutta han. Han og tenkte altså på ungane, eller slektene som går og kjem i vår høgt elska kommune, Naustdal.

Og la oss ta dei 100 år gamle oppfordringane med oss vidare under feiringa i dag. 17. mai er for framtida, for komande generasjonar. I eit demokrati er framtida like viktig som historia. Og i dag begynner dei neste 200 åra. No er det framtid, om nokre generasjonar er det historie.

Lenge leve ungdommen.
Hurra for Noreg sin 200-årsdag!
Hurra for bautaen sin 100-årsdag!
Hurra for oss!

Tusen takk for meg og fortsatt god 17. mai.