Showing posts with label 198 land. Show all posts
Showing posts with label 198 land. Show all posts

Tuesday, December 09, 2014

Korleis slakte ein slaktar

Fortener boka eller bokmeldinga slakt?

Det er enkelte bokmeldarar som har fått med seg at eg har skrive mi første bok, "198 - Mi reise om alle verdas land". Dei fleste av dei hevdar å like kva dei las. Men ikkje alle. Ikkje Helge Baardseth i Vagabond, ei slags guidebok som no og då kjem ut i magasinform.

Tuesday, May 06, 2014

"198" omsider til sals

Frå Samlaget sin haustkatalog.


Eg er endeleg ferdig med mi aller første bok som straks vert given ut av Samlaget. Ho heiter noko så kort og konsist som "198." Ganske enkelt fordi det er dei tre siste siffera i telefonnummeret til Samlaget sin marknadssjef, Siri Ifarnæss. Og fordi det er 198 land i verda, fordi eg har vore i alle, og fordi kvart land får sitt kapittel.